
«Herre, du har gledd meg med ditt verk, eg jublar over det dine hender har gjort». Salme 6, 5
Boka "Gud til ære - oss til gagn"
Skaparverket er verkeleg eit levande vitnesbyrd om at me er ein del av noko større - og Gud sin store omsorg for oss. Eg likar veldig godt å være ute og finn mykje glede i naturopplevingane både sommar og vinter. Her finn eg ro og inspirasjon og lar tankane flyge, her kan eg høyre stilla.
Det var med dette bakteppe eg hadde lyst å lage ei bok som formidla dette i bibeltekstar og bilder. Hausten 2025 blei boka ferdig, om kom ut i november.
Alle bilda i boka er henta frå naturen på Kvitsøy.

Ynskjer du kjøpe boka kan du få den tilsendt og prisen er kr 299,- + frakt.
Ta kontakt:post@skaparverket.com


