UT PÅ TUR?

Du blir aldri lei av å sjå og høyra Kvitsøy naturen

Kvitsøy har eit ope naturlandskap der himmel og hav møtast i eit storslått skue. Unike berg formasjonar skapar eit særeige og dramatisk landskap som inspirerer til utforsking og fotografering. Området byr og på eit rikt fugleliv. Det er eit vakkert syn når sjøfuglar kretsar over bølgjene og fyll stilla med liv. 

På stormfulle dagar slår bølgjene kraftfullt mot svaberga, for so å bli avløyst av rolege periodar, kor ein solnedgang i vest malar himmelen i varme farger. 

Langs merka stiar kan besøkjande oppleve den særeigne roen. Stundom med eit brusande hav som bakteppe og vinden som einaste fylgje. Dagstur hytta i vest er ein perfekt rasteplass og eit godt utsiktspunkt for å nyte naturen sine skiftande stemningar gjennom heile året.

Ynskjer du ei skreddarsydd turoppleving for di bedrift eller vennekrets? Ta kontakt.