Vilkår og betingelser

Dette dokumentet regulerer sal av glaskunst og brukskunst frå Skaparverket til forbrukarar. Forhold som ikkje er eksplisitt dekka her, blir regulerte av den norske forbrukarkjøpslova, angrerettlova, marknadsføringslova og e-handelslova.

1. Partane 

Rolle Informasjon
Seljar/Firmanamn: Skaparverket
Org.nr: 995238144

Adresse:Ydstebøveien 188, 4180 Kvitsøy

E-post: post@skaparverket.com
Telefon: +47 90021493

Kjøpar Den forbrukaren som gjer bestillinga.

2. Unike produkt og naturlege variasjonar.

Alle produkt i nettbutikken under fana "Kystglas" er handlaga ved bruk av glassfusing. Sidan dette er ekte kunsthandverk, vil kvart enkelt produkt vere unikt.

  • Variasjonar: Mindre variasjonar i fargespel, form, mål og dessutan naturlege luftbobler i glaset vil førekomme.
  • Produktbilete: Bileta i nettbutikken er rettleiande.
  • Avvik: Mindre avvik frå produktbileta blir ikkje rekna som ein mangel eller feil ved vara, men er ein del av den kunstneriske karakteren til produktet.


3. Pris og betaling
Den oppgitte prisen for vara og tenestene er den totale prisen kjøparen skal betale i kassa.

  • Avgifter: Prisen inkluderer alle avgifter (som eventuell merverdiavgift) og leveringskostnader (frakt, porto).
  • Betalingsmetodar: Vi tilbyr sikker kortbetaling via Stripe (støttar Visa, Mastercard og Apple Pay/Google Pay), samt manuell betaling via Vipps.
  • Belastning ved kortbetaling: Dersom du betalar med kort (Stripe), blir pengane reserverte eller belasta på betalingskortet ditt same dag som vara blir sendt frå oss.
  • Belastning ved Vipps: Dersom du vel Vipps, må beløpet vippses og merkast med ordrenummer før ordren blir behandla og sendt.

4. Frakt og levering. Vi pakkar glaskunsten din godt for å sikre ein trygg transport.

  • Leveringstid: Normal behandlingstid før vara blir sendt er 1–3 virkedagar. Transporttid med Posten / PostNord kjem i tillegg, normalt 2–5 virkedagar.
  • Fraktpris: Endeleg frakt blir berekna i kassa før du betalar.

5. Transportskadar og knust glas. 

Sjølv om vi pakkar glaset forsvarleg, kan det oppstå skadar under transport. Seljar har risikoen for vara fram til ho er levert hjå kjøpar.

  • Melding om skade: Dersom ei vare har knust eller vorte skada på vegen til deg, oppmodar vi sterkt om at dette blir meldt til oss på e-post; post@skaparverket.com så raskt som råd, slik at vi kan handtere saka vidare mot fraktførar.
  • Dokumentasjon: For at vi skal kunne hjelpe deg raskast mogleg med erstatningsvare eller refundering, ber vi om at du sender oss bilete som tydeleg viser:
    1. Den skada vara/glaset.
    2. Emballasjen (både øskja utvendig og beskyttelsen inni).
    3. Adresselappen på pakken.
  • Ta vare på emballasjen: Ikkje kast vara eller emballasjen før saka er avklara med oss.

6. Angrerett og retur.

Du har alltid 14 dagar ubetinga angrerett når du handlar i nettbutikken vår, i samsvar med angrerettloven.

  • Frist: Angrefristen løper frå dagen etter at du har motteke vara. Du må gje oss beskjed på e-post innan denne fristen dersom du ønskjer å nytte deg av angreretten. Du kan fylle ut og bruke vårt standardiserte angreskjema (PDF) for å gi beskjed.  Sjå nedanafor.
  • Returfrakt: Kjøpar må sjølv betale for retur frakta. Det er ikkje høve til å sende pakkar i oppkrav.
  • Krav til pakking ved retur: På grunn av at glas produkta er så skjøre, er du som kunde ansvarleg for at vara blir pakka forsvarleg. Vara bør returnerast i originalemballasjen, eller i ein tilsvarande trygg og forsvarleg emballasje. Dersom glaset knuser under retur transporten på grunn av mangelfull pakking, kan retten til full refusjon falle vekk. Vara må returnerast i ubrukt og uforandra stand.

7. Reklamasjon. 

Dersom det ligg føre ein reell mangel ved kunsten som ikkje skyldast naturlege variasjonar i handverket eller feilbruk, må du gje melding om dette innan rimeleg tid (seinast innan 2 månader) etter at mangelen vart oppdaga. Reklamasjonsfristen er elles 2 år etter forbrukarkjøpslova.

8. Konfliktløysing. 

Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling.